Å eg veit meg eit land

Barndomsminne

frå Nordland   


Tekst: Elias Blix

 

1.       

Å eg veit meg eit land langt

der oppe mot nord,

med ei lysande strand 

mellom høgfjell og fjord.

Der eg gjerne er gjest, 

der mitt hjarta er fest 

med dei finaste, finaste band.

Å eg minnest så vel dette land!

 

2.        

Der eit fjell stig mot sky 

med si krona av snø,

og i lauvklædnad ny 

det seg speglar i sjø,

og det smiler mot strand 

med si bringa i brand 

i den solklåre kveld.

Å eg minnest så vel dette fjell!


3.        

Ja eg kjenner den stad 

der eg stima som gut,

der eg kaua og kvad 

så det svara frå nut,

der eg leika og log 

i den lauvklædde skog 

mellom blomster og blad

Å eg minnest så vel denne stad!


4.        

Og når vinden var spak, 

fór om fjorden eg rundt,

der eg rodde og rak 

som ein fiskande glunt.

Der eg leikande låg

og meg vogga på våg

i den nattsol der nord

Å eg minnest så vel denne fjord!


5.        

Med det dårande hav,

som no drøymer so stilt,

vert ei glupande grav

når det reiser seg vilt.

Snart det lokkar og lær,

snart det yver deg slær

og dreg båten i kav.

Å eg minnest så vel dette hav!

 

6.        

I min heim var eg sæl,

av di Gud var attved,

og eg kjende så vel

kor det anda Guds fred,

når til kyrkja me fór,

når me heime heldt kor,

og med moder eg bad.

Å eg minnest så vel denne stad!

 

7.        

Denne heim er meg kjær

som den beste på jord.

Han mitt hjarta er nær,

denne fjetrande fjord,

og det målande fjell

og den strålande kveld,

hugen leikar på deim.

Å eg minnest så vel denne heim!

 

8.        

Og eg lengtar så tidt

dette landet å sjå,

og det dreg meg så blidt,

når eg langt er ifrå.

Med den vaknande vår

vert min saknad så sår,

så mest gråta, mest gråta eg kan.

Å eg minnest så vel dette land!